Prosjektbilde for Fokus på ME si innsamling til ME-forskinga, i samband med 12.mai.

Oppdateringer

  1. 3 dagar igjen av denne spleisen. Totalt har innsamlinga på Spleis og Facebook i samband med 12.mai nådd kr 80 000. Tusen takk 🌷💙

    28. mai 2022 12:51

    Tusen takk til kvar og ein for støtta og takk til alle som har delt. 💙🌷

    Vi er også svært takksam for de som er faste givarar. Ein kan bruke kontonummer på heimesida og alle som støttar spleisen får automatisk tilbod om fast givar (ei teneste Spleis har med Vipps).

    Tips gjerne andre de trur har interesse og mulighet til å støtte ME-forskinga. Fokus på ME fører over pengane som kjem inn til ME-forskinga ved Haukeland kvart kvartal.

    🔹 vippsnummer 548006

    🔹 opprette si eiga personlege innsamling via http://spleis.no/fokuspame https://www.facebook.com/fund/fokuspame/,

    På Spleis har vi laga 3 malar med bilde og tekst som ein evt. kan bruke om ein ønskjer det. 

    Om du ikkje allereie har lese Fokus på ME sin kampanje i samband med 12.mai -2022, kan den lesast her:  https://www.fokuspame.no/12mai

    Fokus på ME har vore i kontakt med Forskningsrådet for å prøve å finne ut av kor mykje Staten løyver av økonomiske midlar til forsking på ME, og vi legge svaret i sin heilheit på heimesida som de kan lese her: https://www.fokuspame.no/statentildeling

    Det hastar å prioritere biomedisinsk forsking og forhalde seg til WHO si klassifisering av ME, oppdatere retningslinjer og adekvat oppfølging- og behandlingtilbod basert på nyare biomedisinsk forsking. Vi trenge også ny runde med BEHOV-ME. Pasientar er alvorleg sjuke. Fokus på ME samlar inn pengar til biomedisinsk forsking og signalet må staten ta no. 

    Heimesida https://www.fokuspame.no/

  2. 8.mai Spleisen har nådd kr 33 000 og 14 faste givarar. Tusen takk til de som har støtta 💙🌷

    8. mai 2022 14:51

    Spleisen kjem til vare ut mai. Vi håpar at fleire har oppdaga organisasjonen «Fokus på ME», og tips gjerne vidare til andre. Ein kan opprette sine eigne innsamlingar, og 3 malar ligg ferdig med bilde Spleis.no/fokuspame

    Vi har delt veldig mykje informasjon på Facebook sida vår i mai, og vil prøve framover til den internasjonale ME dagen den 12.mai. https://www.facebook.com/fokuspame

    Rundt midten av mai, vil det bli mindre aktivitet på Facebook sida. - For dei ønskjer støtte ME-forskinga gjennom Fokus på ME, finn ein mange ulike alternativ både på heimesida og Facebook-sida. 

  3. Mai er månaden for bevisstheit rundt sjukdomen ME. Vi håpar de vil hjelpe oss dele innsamlinga, så kansje vi klarar nå fleire.

    3. mai 2022 12:17

    besøk også gjerne https://www.facebook.com/fokuspame/

    MILLIONS MISSING:

    Når denne aksjonen starta i 2016 var det to arangement i Noreg, i Bergen og Oslo. Lokalavisa Fjordingen skreiv om det første arrangementet som blei arrangert i Oslo, og i denne reportasjen er også aksjonskrava tatt med https://www.fjordingen.no/nyhende/i/Pyw4Qe/aksjonerer-for-likeverdig-behandling-av-me-sjuke

  4. Status 28.april: kr 29 895 er komt inn på spleisen og 13 faste givarar. Helseministeren og politikarar nasjonalt, regionalt og kommunalt er informert

    28. april 2022 14:43

    Tusen takk for støtta på innsamlinga så langt. 💙🌷

    Vi er også svært takksam for er faste givarar. Tips gjerne andre de trur har interesse og mulighet til å støtte ME-forskinga, både private og næringsliv, samt organisasjonar.

    Helseminister Ingvild Kjerkol, politikarar i Helse- og Omsorgskomiteen, Arbeids- og Sosialkomieen, politikarar på Fylkestinget i Vestland, Ordførarar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn har fått e-post med utfyllande informasjon, der spleisen var vedlagt, samt ein del anna informasjon om ME. 

    Innsamla midlar skal gå til den viktige, banebrytande ME-forskinga ved Haukeland. Dette er ei forsking som har fått internasjonal merksemd, og det viktig å sikre at forskingsgruppa kan fortsette arbeidet.  - Det er også eit signal til Helsestyresmakter. Del gjerne til lokale politikarar i ditt nærområde. Skriv gjerne ut plakaten og heng på oppslagstavler. 

    🔹 Link til Spleisen vi har oppretta i samband med 12 mai: https://www.spleis.no/me12mai22

    🔹 Om ein ønskjer å opprette eigen innsamling har ein mulighet både gjennom Facebook-sida vår og Spleis.no/fokuspame

  5. Oppdatering 14. april: kr 23 095 er komt inn på spleisen og 9 faste givarar, tusen takk for støtta 🌷 Video med takk frå legane ved Haukeland:

    14. april 2022 13:34

    Tusen takk til alle som har støtta spleisen så langt.💙 🌷 Vi er også veldig takksam for de som er faste givarar. Dersom ein får mange faste givarar vil det kanskje kunne gi litt meir forutsigbarhet for forskinga. Fokus på ME har mottatt ei videohelsing april 2022 frå legane Olav Mella og Øystein Fluge ved Haukeland Universitetssjukehus. Den kan ein sjå under denne fana:  https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve og på Facebook-sida vår.

    Vi håpar at de vil hjelpe oss med å dele vidare og tipse andre som kan ha interesse, både privatpersonar, organisasjonar, og Næringsliv slik at vi nå ut til større målgruppe. Lenke til spleisen https://www.spleis.no/me12mai22

    🔹 Fokus på ME si side på spleis om du ønskjer opprette ei personleg innsamling: http://spleis.no/fokuspame

    🔹 Facebook: https://www.facebook.com/fokuspame

    🔹 Les meir om forskingsarbeidet ved Haukeland her: https://www.fokuspame.no/forskingsarbeidet-ved-haukeland

    Fokus på ME ønskjer alle ei God Påske. 🐣

    ME er ein alvorleg og vond sjukdom å leve med. Alle beslutningstakarar bør hugse når ein er tilbake i kvardagen at situasjonen til ME-sjuke er mogleg forbetre, med både forståing og aksept, kunnskap og forsking.

  6. Status 1 veke etter spleisen vart publisert: kr 13 345 er samla inn og 7 faste givarar

    4. april 2022 12:03

    Tusen takk til alle som har støtta spleisen så langt.💙 🌷 Små og store bidrag vil rette søkelys på ME-saka. Vi er også veldig takksam for de som er faste givarar. Dersom ein får mange faste givarar vil det kanskje kunne gi litt meir forutsigbarhet for forskinga, men vi har også forståing for at mange som støttar denne spleisen er pasientar og pårørande, som kanskje står i ein krevjande situasjon. 

    Vi håpar at de vil hjelpe oss med å dele vidare og tipse andre som kan ha interesse, både privatpersonar, organisasjonar, og Næringsliv slik at vi nå ut til større målgruppe. Under ligg ein plakat de kan bruke og lenke til spleisen https://www.spleis.no/me12mai22

    🔹 Fokus på ME si side på spleis: http://spleis.no/fokuspame

    🔹 Facebook: https://www.facebook.com/fokuspame

    🔹 Les meir om forskingsarbeidet ved Haukeland her: https://www.fokuspame.no/forskingsarbeidet-ved-haukeland

Fokus på ME si innsamling til ME-forskinga, i samband med 12.mai.

54 140 kroner innsamlet

124 givere
Avsluttet 31.05.2022
135% av 40 000 kr
FOKUS PÅ ME sitt profilbilde
FOKUS PÅ ME mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 5 ga anonymt
  2. Ranja
  3. 2 ga anonymt
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
FOKUS PÅ ME er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×