Styringsystem til alpintrekket
Heisann, godt folk!
Som de sikkert har fått med dykk har vi fått 600.000 kr (!!) til nytt styringsystem til alpintrekket frå SpareBank 1-stiftinga i Kvinnherad :D
"Kva er eit styringsystem", spør du? Jo, det er systemet som driv motoren som igjen fører meg og deg opp på toppen av skitrekket - slik at vi kan få oppleve skiglede, meistring og litt fart og spenning. (Når vi skriv meg så gjeld ikkje det Kent Are. Han er for pysete :P )
Dagens styringsystem er frå 1973, og i 2022 kan ein sei at den teknologien er noko utdatert. Skulle noko ryke i styringssystemet så er det ikkje råd å få fatt i nye komponentar. Og med ei leveringstid på +6 månader på nytt system kan det i verste fall gjere at vi går glipp av heim heil sesong.
Nytt styringsystem kostar nesten kr 900.000 inkl mva, så vi manglar i underkant av kr 300.000. Difor slengjer vi ut ein spleis i håp om å få inn litt ekstra midlar, slik at vi ikkje tømmer kontoen vår heilt. Då har vi ikkje meir igjen til vedlikehald, og då er ein like langt.
Vi er optimistiske og prøver oss på kr 100.000 ila. 30 dagar, så her er det berre til å ta spandèrbuksene på ;)
Dersom du eller di bedrift har lyst å bidra utanom spleisen (6,5% forsvinn i avgifter) så er det berre til å ta kontakt med dagleg leiar, Kent Are Kjørsvik Petterson, så ordnar ein det :)
Beste helsing
Dugnadsgjengen i Fjellhaugen Skisenter