Sikre framtida til Heimly
Varaldsøy sanitetslag har ansvaret for Varaldsøy aldersheim, som Kvinnherad kommune beslutta lagt ned for nokre år sidan. Me har endeleg greidd å få eit nytt samarbeid med eit selskap som driv privat omsorg til personar med spesielle behov. Organisasjonen synest plassen og bygget er godt egna til utvida drift, men er avhengig av at bygningen er i akseptabel stand. Ei utvida drift vil føre til mange nye arbeidsplassar for det vesle samfunnet på Varaldsøy, Kvinnherad kommune og nærliggande kommunar. Dette vil gje positive ringverknader for bebuarane og for lokalsamfunnet.
No står me framfor eit stort arbeid med å bytte taket. Eksisterande tak er gammalt, flatt og har lekkasje. Det er heilt naudsynt å reparere taket for å halde bygningen i brukbar stand. Nytt tak vil få tilstrekkeleg fall og vil sikre vidare drift ved heimen. Me prøver no å kontakta bedrifter og privatpersonar, om det er moglegheit for å støtta oss med eit bidrag til arbeidet.
På forhånd takk.
Med vennleg helsing Varaldsøy Sanitetslag
Du kan også gje via Vipps eller direkte til kontonummer:
Vippsnummer: 570968, merk med «Tak»
Kontonummer: 3460 13 68627