Fiksdal Friskule treng nytt skulekjøkken
Fiksdal Friskule ønskjer at barna som går på skulen vår skal ha tilgang på fersk, kortreist og sunn skulelunsj kvar dag. Som ein del av læringsprosessen skal elevane sjølv vere involvert i tilberedninga av maten.
For at elevane skal ha best mogleg utbytte av skulemåltidet, ønskjer me rom for at dei skal kunne lage maten saman, og etterpå ete den saman.
Lat oss vere ærlege: dagens skulekjøkken er ikkje godt nok. Me treng eit kjøkken som er laga på ungane sine premiss, og som legg til rette for samarbeid og matopplevingar mellom store og små, vaksne og elevar.
Håpet er at flest mogleg kan spleise litt, slik at me raskare kan realisere skulekjøkkendraumen!