GJE EIT LØFT TIL STRYN AKTIVITETSPARK!
Aktivitetsparken ved Stryn Stadion og Basishallen treng sårt ei oppgradering.
Dette er ein park som born og unge nyttar dagleg til alt frå sykling og skating til å treffast etter skulen, og det er heilt fantastisk!
Skal denne sunne og kjekke aktiviteten fortsetje, må parken få ei oppgradering snarast.
No kan du bidra til at born og unge i Stryn får eit godt fritidstilbod – no kan du gjere ein kjempeforskjell.
Alle beløp, store som små hjelper. Vi tenker å pusse opp etter beste evne på dugnad, så vi treng både midlar og krefter frå lokalbefolkninga til å løfte denne Spleisen.
Alle bidrag er eit steg nærmare mot ein superduper aktivitetspark!
Vi takkar så audmjukt på førehand. Saman kan vi få det til.