Hei!
Tusen takk for dykkar bidrag til Spleisen og etableringa av Nettverket E-sportsenter i 2022. Summen på gåvene og sponsormidlane som kom inn i denne perioden, som resultat av Spleisen, enda på 168.300 kr!
I tillegg har Sparebankstiftelsen i Øystre Slidre bidrege med 200.000kr, ungdomsrådet i Øystre Slidre med 32.000 kr, medan Sparebankstiftelsen DNB var fyrst ut med å støtte prosjektet med 304.000kr i 2021.
Me er særs audmjuke og takksame for denne støtta – særleg fordi dette har vore ein ide og eit prosjekt i ei oppstartsfase, der me så langt ikkje har hatt stort anna enn planar og ambisjonar å syne til. Me meiner sjølv at prosjektet er godt, og at dette er eit tilbod det er eit behov for både i Øystre Slidre og Valdres. Med midlane dykkar er me eit godt steg på veg for å realisere det me har drøymt om – ein eigen møteplass for gamerar, og eit senter for e-sport i Valdres.
Me arbeider no for fullt med å ferdigstille e-sportavdelinga, og håpar å vere ferdige til vinterferien. Me fekk diverre avslag på eit par søknadar før jul, og manglar om lag 200.000 kr for å kunne ferdigstille senteret, ut frå våre planar og ambisjonar. Me trur uansett at me vil nå målet vårt i løpet av 2023, med meir støtte frå stiftingar og lokale bedrifter. Det er ikkje umogleg at det blir ein supplerings-spleis om ikkje så lenge. Driftsutgiftene for 2023 er i alle fall i boks, til dels på grunn av gode avtaler på nettverk og rimeleg husleige med Eidsiva og Øystre Slidre kommune.
Me ser no ei aukande interesse for dei opne dugnads- og gamingkveldane våre, og det er stadig fleir som melder interesse for å bli ein del av oss når med opnar for meir organisert aktivitet litt seinare i vinter. Vårt hovudfokus blir no å etablere lag i ulike spel, der me har som mål å ha fleir lag som deltek i nasjonale ligaer i e-sport frå hausten. Dette er uansett ikkje eit krav om å konkurrere for å kunne nytte senteret, men me ynskjer å ha fokus på godt organiserte gamingtilbod i trygge og gode rammer. Me har mykje å lære og er avhengige av å nå ut til eldsjeler som vil ta ansvar for dei ulike aktivitetane, men dette har me også tru på at me vil få til. Det er mykje gamingkompetanse i Valdres – me må berre få lurt den ut av gute- og jenteromma, mancaves og godstolar.
Når ting er litt meir på stell, vil alle støttespelarar bli invitert til omvising på NE-S og prøvegaming av det de har vore med på å skape.
Følg oss på facebook og instagram for meir info – inntil heimesidene våre er oppe litt seinare i vinter.
Tusen takk!
Øystein Skattebu
Prosjektleiar for NE_S