Ordførar i Alver si digitale bøsse til TV-aksjonen 2022
Vi (Sara og Thomas) fortset vår tradisjon for TV-aksjonen med ein aksjon der ordføraren må utføre aktivitetar ho ikkje nødvendigvis finn så veldig underhaldande.
TV-aksjonen går i år til Leger Uten Grenser, og vi følger opp med «Ordførar Utan Grenser». I det høvet har vi i år eit samarbeid med Akvariet i Bergen og Skydive Voss, kor Sara må sprenge grensene sine og møte sine frykter, basert på kor mykje pengar vi får inn. I år har vi ei eiga trapp med delmål, og kvart delmål gir ei ny utfordring:
5000 kr: Sara og Thomas sprayar håret raudt med utvaskbar farge til støtte for Leger Uten Grenser. Begge må gå med fargen ein heil dag!
15 000 kr: I samarbeid med Akvariet i Bergen må Sara halde ein tarantell, medan Thomas dokumenterer. Sara er veldig redd for edderkoppar!
25 000 kr: I samarbeid med Skydive Voss får Thomas æra av å følgje Sara opp i eit fly der ho skal hoppe ut i si største frykt: fallskjermhopp!
30 000 kr: Alle tre utfordringane skal gjennomførast!