Støtt vår julespleis - barneheim i Athen
Ynskjer du å spre litt juleglede?
Som ein del av utdanninga vår har vi vore så heldig å få ha praksis ved ein barneheim for mindreårige flyktningar i Athen. Vi er imponert over arbeidet som blir gjort for å trygge desse sårbare og utsette barna. Dei tilsette ved barneheimen gjer alt for at huset skal kjennast som ein heim for barna. For å få til dette treng heimen alt frå mat til vaskemaskin. Eit ynskje vi har er å bidra med å kunne kjøpe heimen noko dei har behov for.
Donasjonane kan ikkje bli overført som ei direkte pengegåve til heimen, men i form av gåvekort eller gåver.
Alle donasjonar vil gå uavkorta til formålet.
- Lubna Miro & Nora Wold Haugland