Prosjektbilde for Ørsta Fellesfyrverkeri - Barnas fyrverkeri

Ørsta Fellesfyrverkeri - Barnas fyrverkeri

Eit spleiselag mellom innbyggarane og næringslivet der alle pengane går til Ørsta fellesfyrverkeri - Barnas fyrverkeri kl 21.00 nyttårsaftan.

orsta.fellesfyrverkeri.no

Ørsta Fellesfyrverkeri er ein nyetablert frivillig organisasjon for barn og vaksne. Føremålet til organisasjonen er “å arrangere  fellesfyrverkeri i Ørsta sentrum nyttårsaftan, i første omgang kl. 21, særleg til beste for barna i Ørsta, i og med at dei kan få sjå nyttårsfyrverkeri innanfor omlag normal døgnrytme”.

Som samarbeidspartnar for gjennomføring av sjølve fyrverkeriet har vi med oss Krohn Pyroteknikk. Dette er same firma som gjennomfører fellesfyrverkeriet i Volda nyttårsaftan. Oppskytingsarena for fyrverkeriet vil vere på kommunen sin nye utstillingsplass. Dette gjer at dei fleste i Ørsta sentrum og nærliggande område kan sjå fyrverkeriet frå sin eigen heim. I tillegg vil ein ha gode parkerings- og publikumsområde for tilreisande ved Ørsta stadion, Ørstahallen, samt på Mosflateområdet. At fyrverkeriet vert skote opp så pass tidleg på kvelden, gjer det dessutan lettare også for folk frå krinsane å komme for å sjå uten at returen til heimen vert for sein for barna.

At Barnas fyrverkeri blir arrangert kl. 21, gjer at barna i mykje større grad får glede av sjølve oppskytinga enn om dei må vente til i dei seine nattetimane og lenge etter vanleg leggetid.  Behovet for private oppskytingar ut over kvelden, gjerne for at små barn skal få oppleve fyrverkeri, vil i stor grad verte borte. Når ein såleis konsentrerer oppskytinga av fellesfyrverkeriet til kl. 21, reknar vi med at behovet for små private oppskytingar elles denne kvelden minkar, noko ein har erfart i Volda. Dette er svært bra for kjæledyra våre.  Dessutan er det liten tvil om at om at profesjonelt fyrverkeri vil kunne medføre færre skader å behandle for ambulansefolket, enn ved mange private oppskytingar.

FN sitt berekraftmål nr 10 heiter "Mindre ulikskap", å arbeide for å redusere ulikskap i og mellom land. For fellesfyrverkeriet gjeld det mellom barn/familiar i Ørsta og omegn. Somme familiar har aldri råd til å sende opp fyrverkeri sjølve, noko som kanskje i endå større grad gjeld no når økonomien for mange vert trongare. Å dele opplevinga av fellesfyrverkeriet uten å kjenne på mindreverdskjensle, vil for mange vere eit stort pluss. På sikt kan vi kanskje saman gjere opplevinga til ein folkefest?

FN sitt berekraftmål nr 12 heiter "Ansvarleg forbruk og produksjon". Vi meiner fellesfyrverkeriet vil kunne bidra til å sikre eit meir berekraftig forbruksmønster på dette området. Berekraftmålet handlar om å gjere meir med mindre ressursar. Eit fellesfyrverkeri gir meir effekt for mindre pengar enn mange små private oppskytingar. Dessutan gir det meir avgrensa utslepp til luft og jord, og bidreg dermed til å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og miljøet.

Organisasjonen har bestilt fyrverkeri til ein verdi av 110 000 kr eks mva, og vi håper at det lokale næringslivet og private vil vere med på å støtte dette positive tiltaket. Alle pengar som blir samla inn vil gå til fyrverkeri. Om vi får inn meir pengar enn først tenkt, vil dette førast over til neste års fyrverkeri, som då kan bli enda større. Alle bedrifter, lag og organisasjonar som er med og bidreg med pengestøtte, vil synleggjerast i heilsides takkeannonse i Mørenytt i romjula, sponsa av Møre-Nytt. Det blir også marknadsføring her på heimesida orsta.fellesfyrverkeri.no og  Facebooksida Ørsta fellesfyrverkeri.

Ørsta Fellesfyrverkeri - Barnas fyrverkeri

33 050 kroner innsamlet

148 givere
Avsluttet 03.01.2023
66% av 50 000 kr
Verifisert
Kirsti Unni Øy Driveklepp
står bak spleisen
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 1 ga anonymt
  2. Oskar Hoggen
  3. 4 ga anonymt
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Kirsti Unni Øy Driveklepp er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×