Kjøken til Kjøde grendehus
I Kjøde har vi lenge hatt ynskje om å få innreie eit praktisk og lett-tilgjengeleg kjøken i hovudetasjen på grendehuset. Pengar frå denne spleisen vil vere eit velkoment bidrag til dette :)
Dei siste par åra har grendelaget klart å skaffe til veges midlar gjennom sponsing, inntekter frå arrangement o.a. Det såg ut til at vi kunne realisere kjøken-planane.
Det dukka imidlertid opp noko uventa i sommar: ein lekkasje i taket. Det viste seg at det gamle skifertaket måtte skiftast ut for å hindre meir vasskade på grendehuset, og pengane som var samla inn måtte omprioriterast og brukast til nytt tak.
Trass eit økonomisk tilbakeslag, har vi framleis håp om å få til kjøkkenet som planlagt. Grendelaget er no igjen i gang med å prøve få tak i midlar til prosjektet. Vi takkar for alle bidrag :)