Hjelp Kleppe Musikklag til England
Kven er vi?
Kleppe Musikklag er eit høgt rangert korps som held til på Askøy utanfor Bergen. Korpset består av unge og dyktige musikantar. Slagordet til korpset er: Vi kan, vil og tør! Korpset sin visjon er å maksimere det musikalske potensialet samstundes som det skal vere eit sosialt samlingspunkt for unge, lokale talent og tilflytta studentar.
Kva vil vi?
24.- 27. mai 2018 reiser Kleppe Musikklag for første gang til England for å delta på den tradisjonsrike konkurransen Whit Friday. Å forflytte eit heilt korps med tilhøyrande instrument tur/ retur over Nordsjøen er veldig kostbart. Store delar av kapitalen blir betalt av medlemmane sjølv, resten blir betalt av oppsparte dugnadsmidler som i utgangspunktet er satt av til dagleg drift. Det å drive eit korps på nasjonalt toppnivå er kostbart. I tillegg til at kvar medlem brukar fleire timar i veka på øving, er drifta også avhengig av at alle bidrar med dugnadsarbeid heile året rundt.
Korpset ynskjer å redusere kostnadane for denne reisa så mykje det kan late seg gjere. Vi i Kleppe Musikklag set difor stor pris på all hjelp vi kan få, og håper at netopp du kan tenke deg å hjelpe oss på vegen mot England.
Kva får du?
Dersom du vil følge oss på reisa er vi svært aktive på sosiale medier. Du finn oss på fylgjande kanalar:
Facebook som "Kleppe Musikklag"
Instagram som "kleppemusikklag"
Twitter som "@Kleppemusikklag"
På heimesida vår kan du lese meir om korpset: www.kleppemusikklag.net
Alle som støttar oss vil også få ei personleg takkehelsing.