Lalm samfunnshus 60 år, jubileumshefte!
KVIFOR?
L/L Lalm Samfunnshus vart stifta i 1952. Samfunnshuset sto ferdig i 1958 med opningsfest den 25. oktober.
Dermed kan Lalm Samfunnshus feire 60 årsjubileum dette året. Gjennom alle desse åra har Lalm Samfunnshus vore eit nav, eit samlingspunkt i kretsen og saman med butikk og skule den mest betydningsfulle samlingsarena. Vi var også først ute med samfunnshus i Vågå, Sjårdalen kom etter i 1959 og Vågåmo i 1961. Sistnemnde vart overteke av kommunen, medan dei to som ligg i grendene har greidd seg sjølv.
60 år er lang tid. Du skal vera 70-80 år for i det heile teke å hugse oppstarten. Halvparten av alle lalmingar er fødde etter 1985 og har dermed opplevd berre siste halvparten av historia og knapt nok det. Ikkje alle veit at vi hadde eige fryseri som eige andelslag, eller doktorkontor! Og ikkje alle veit at det finst æresmedlem i Samfunnshuset. Eller kven var vaktmestrar eller styreleiarar? Derfor er det viktig å ta vare på denne viktige soga.
(Teksten er skrevet av Terje Kleiven)
Bildet er fra under utgravingen av tomten til samfunnshuset.
Alle som bidrar får navnet sitt på en takkeside i heftet.
Det blir jubileumsfeiring i oktober. Dato kommer vi tilbake til.
Hilsen jubileumskomiteen
Terje Kleiven
Jorunn Løkken
Rune B. Isaksen