Nye turnapparat i SpareBank 1-hallen
IL Hødd turn har i vinter flytta inn i den splitter nye SpareBank 1-hallen på Høddvoll. Endeleg har vi fått samla store og små turnarar under eitt tak.
Hallen er rikt innreidd med turnapparat, men nokre av desse har tydeleg slitasje etter fleire tusen timar med bruk. Spesielt slitt er eine dameskranken, som er så gammal at det ikkje blir laga reservedelar til den lenger.
I den nye hallen vår er vi så heldige å ha eit heilt eige gymleikrom til alle små turnarar under skulealder. IL Hødd turn tilbyr gymleik til meir enn 120 barn i alderen 3-6 år! Høgt på ønskelista er meir utstyr til gymleikromet, slik tilbodet vårt til dei yngste blir enda betre.
Vi håper du vil bidra med støtte til det viktige arbeidet IL Hødd turn gjer i Ulstein kommune! På førehand, tusen takk!