Innsamling til opprusting av leikeplassen i Rekdal
Glansbygda Rekdal har ein flott leikeplass knytt til vårt kjære samfunnshus, gamle Rekdal skule. Leikeplassen ligg sentralt plassert i bygda, og er mykje besøkt av barnefamiliane i Rekdal.
Leikeplassen består i dag av eit flott plassbygd leikestativ, eit dissestativ, ei humpedisse og ei fotballbane. Diverre ber alle desse tinga preg av utsett vedlikehald, og me går no inn for å ta leikeplassen tilbake til sin gamle sjarm.
Prosjektet er allerede støtta av SpareBank 1, Sparebanken Møre og Rekdal Idrettslag, i tillegg til stiftelsen som eig skulen. Likevel treng me litt fleire midlar for å realisere ambisjonane me har for leikeplassen.
På agendaen står følgjande:
- Nytt dissestativ
- Opprusting av leikestativ (maling, bytting av skadde delar og tilkjøp av klatrenett)
- Opprusting av humpedisse (maling, bytte vippebolt, bytte seter og dekk)
- Nye nett til fotballmål
- Rense ut gammal gjengrodd sand og fylle sandkasse med ny duk og sand
- Tette hol i gjerde, slik at det vert ein enda tryggare leikeplass
- I tillegg ønskjer me oss litt sandleiker og vippedyr dersom me klarar å samle inn nok pengar