Støtt dei flinke Hødd-jentene med fotballdraumen og vi plukkar plast som takk for støtta! 🌱🐋
Hødd J12 består av ein talentfull og engasjert gjeng som så langt har gjort det sylskarpt i serien! No treng vi pengar til lagkassa til sosiale samankomstar og vår første cup med overnatting - Lerum Cup i Sogndal. ⚽️
Vi er smellklare til å fortsette den suverene utviklinga jentene har hatt, og halde fram med å blåse alle motstandarar av banen både i serien og på Lerum Cup! Heia Hødd! 🏆💙
Som takk for hjelpa vil vi plukke plast langs strendene i Ulstein Kommune! ♻️ Gir du minimum 300 kr, plukkar vi ein sekk for deg! 🌱🐋 Andre valfrie beløp samlar også plastryddingsaktivitet! Vi samlar plast for kvar 500 kr vi får inn!
Tusen hjerteleg takk for støtta! 💚
Spleisen er i regi av foreldre til jentene i Hødd J12, og er på ingen måte sponsa,
administrert eller knytta til IL Hødd. Alt som vert innsamla går til aktivitetar knytt til Hødd J12.