Innsamling Terje Flisnes ♥

Kjære alle sammen ♥
Laurdag 8 april var Terje med i ei alvorlig båtulukke. Han vart omfattande og hardt skadd, og er fortsatt på sjukehus. Han er under utredning med tanke på funksjonsnivå og får fortløpande behandling. Mykje er usikkert framover, både når det gjeld behova til Terje, rehabilitering og anna. For å lette på den vanskelige situasjonen ønsker vi derfor å bidra med ein spleis.
Vi veit at det er mange som kjenner og bryr seg om både Terje, Malin, Sander og familien ellers. Vi håpar derfor at så mange som mulig bidreg til å gjere den økonomiske delen mindre vanskelig i tida som kjem.
Pengane som vert innsamla går til ein sparekonto som Malin disponerer, etter avtale med Hallgeir, Terje sin far.
