Aksjon for å hindre nedlegging av teatertilbod i Bjørnafjorden
Os barne- og ungdomsteater har måtta ta valet å legge ned fast aktivitet pga. manglande støtte og interesse frå kommunen trass i at det er kommunen sitt ansvar å syte for økonomiske verkemiddel og leggje til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd lokalt.
Denne spleisen går til nyoppretta Teaterfrø UNG – eit teatertilbod og ein fristad for barn og unge. I første omgang er målet å få til eit årsprosjekt, der elevane får vere med å arbeide fram mot ein premiere i februar. I tillegg til auka deltakaravgift er me avhengig av ekstern støtte for å kunne tilby dette. Dersom det kan skaffast faste sponsorar, kan drifta sikrast for ein lengre periode.
Teaterfrø UNG vil tilby kurs innan teater og scenekunst, men elevane får mykje meir. Dei får ein stad å vere, uttrykke seg, bli sett og vekse som menneske.
Sidan 2014 har Os barne- og ungdomsteater hatt over 180 elevar og har utvikla rundt 30 produksjonar blant anna i Oseana, på Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teater, Nore Neset Aktivitetshus og sist på Det Norske Teater i Oslo. Utanom teaterundervisning har elevane også fått tilbod om kurs innan sminke, film, scenekamp og kreativ skriving.