13 km for MS - støtt ei god sak!
Vil du støtte ei god sak? Hjelp oss å gjere ein forskjell - det betyr mykje for mange! Bidraget ditt vil hjelpe oss mot det ultimate målet; ei verd utan MS (multippel sklerose).
I samband med nasjonal MS-dag i august skal eg og ei venninne springe 13 km til inntekt for MS-saka - éin meter for kvar person i Noreg som har MS. Eg håpar du vil støtte oss og oppmodar deg samstundes om å vere aktiv og setje pris på at du kan vere det. Sjølv er eg så heldig at eg får ein god medisin som skal hindre at eg utviklar MS, og som kan bidra til at eg får halde fram med å gjere alt eg synest er kjekt.
MS-forbundet har årleg aksjonen "Trå til for MS" for å setje fokus på MS og samle inn pengar til forsking. MS angrip kroppen, kvardagen og livet til dei som får sjukdommen, og den påverkar også dei som står rundt. Difor vil eg gjere ein innsats og trå til! Håper du vil bidra. Tusen takk! 🧡