JUMPband treng nytt utstyr!
Kanskje har du høyrt om FX Herøy? Det er ungdomsarbeidet i Herøy Frikyrkje. Det er vel meir rett å skrive var. Frå hausten 2023 heiter ungdomsarbeidet JUMP Jesus. Ungdom. Mat. Prat.
I forbindelse med nytt namn og nytt konsept startar vi JUMPband. Det er ei nysatsing under JUMP, men det er også noko som vil prege heile menighetsarbeidet. Bandet består av ein gjeng ungdomar som ønsker å bidra med musikk i Herøy Frikyrkje på JUMPkveld, gudstenester og andre arrangement i kyrkja vår!
Men. Vi treng nytt utstyr til bandet for å auke trivsel, speleglede og læringsutbytte. Vi drøymer om å oppdatere alt utstyret vårt til godt og nytt utstyr, med bedre kvalitet og bedre lyd.
Pengane vi samlar inn vil i første omgang bli brukt på piano og gitarforsterkar, men vi ønsker også å oppdatere trommeseksjon, lydutstyr og bassforsterkar.
Visjonen for ungdomsarbeidet er å vere ein arena i Herøy der ungdom samlar seg for å lære om, og vokse nærare Jesus i tru og handling. Bak denne visjonen ligg det fleire verdiar, tiltak, draumar og mål. Eit av dei er at vi ønsker at det skal vere så kult at ingen vil gå glipp av det.
Vi satsar på band fordi ungdomen er gira. Vi satsar på band fordi musikk er ein lengsel i kyrkja. Vi satsar på band fordi vi ønsker å nå fleire.
Vi håper du vil vere med å gje pengar til JUMPbandet!