Prosjektbilde for Hardingfele for livet!

Nyeste oppdatering

«Takk for hjelpa! »

Hardingfele for livet!

Alle pengane som eventuelt kjem inn via denne spleisen går direkte til kjøp av hardingfela.

Hei, hei.

Eg har sidan eg var 7 år spela hardingfele, Noreg sitt nasjonalinstrument. Eg spelar tradisjonell folkemusikk frå Hardanger og er aktiv innan både opplæring, friviljug arbeid, formidling, bevaring og vidareføring. Alle hardingfeler er forskjellige og det kan ofte vera veldig personleg kva instrument ein både likar og treng. Det vert også eit slags band til dei instrumenta som ein treff litt ekstra. Eg har dei siste 12 åra vore så heldig å låne ei hardingfele som etter kvart har vorte særs viktig for meg. Eg har utvikla meg på dette instrumentet, og utan denne fela føler eg at eg må byrje litt på nytt. Eg har hatt ein draum om å ein dag få kjøpe ho, og no er den dagen endeleg komen. Dette er fela eg kan leve med resten av livet.

Det er vanskeleg for meg å kjøpe fela heilt utan hjelp og eg ynskjer soleis å spørje dykk om litt hjelp. Summen som er i denne spleisen er ikkje heile kostnaden, men resten skal eg kunne klare å ordne sjølv.

For at ein skal kunne få noko tilbake for hjelpa, har eg laga ei liste over alternativ under her som eg håpar kan vera av interesse for nokon! Eg trur det skal kunne vera noko for både privatpersonar og bedrifter.

  1. Du får tilsendt eit opptak av ein slått for 1000,-
  2. Eg kan koma å gjera eit mindre innslag for 5500,-
  3. Eg kan koma og spela ein konsert for 9500,-
  4. Eg lagar ein eigen slått til deg for 15.000,-

Her spelar eg på fela:

Her er eg avbilda med fela:

Støtt spleisen

Gi et valgfritt beløp

Gi det du vil
For deg som vil støtte oss med et valgfritt beløp

Kjøp belønninger

Innsamler har ansvar for distribusjon av belønninger
Du får tilsendt eit opptak av ein slått
1 000 kr
27 solgt
Velg antall
1
Eg kan koma og gjera eit mindre innslag
5 500 kr
4 solgt
Velg antall
1
Eg kan koma og spela ein konsert
9 500 kr
Velg antall
1
Eg lagar ein slått til deg
15 000 kr
3 solgt
Velg antall
1

Hardingfele for livet!

206 001 kroner innsamlet

234 givere
Avsluttet 22.02.2024
103% av 200 000 kr
Alexander Aga Røynstrand sitt profilbilde
Verifisert
Alexander Aga Røynstrand
står bak spleisen
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Jan Håkon Heggås
    Til lykke med fela.
  2. Børsheimen
    Skal ikkje ha noko i gjengjeld. Ville berre bikka 200 000🤣
  3. Unni og Knut
    La fela syngja så huldremøyane dansar!
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Alexander Aga Røynstrand er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×