Frå oss som bur i Herøy
Vi håper at innbyggarane i kommunen har lyst til å gi eit bidrag til vår digitale bøsse! Bli med å la barn leve, leike og lære i fred! Alle bidrag nyttar! ❤️
Kva går pengane til?
Kvart sjette barn i verden veks opp i krig og konflikt, og aldri har så mange barn vært på flukt som no. Vi vil gjere familiane, skulene og nærmiljøa tryggare for barn. Vi skal:
· Gjenforene barn og familiar som har kome vekk frå kvarandre.
· Hjelpe barn med å handtere vonde opplevingar, gi helsehjelp og rett ernæring.
· Sikre trygg veg til og frå skulen og trygge klasserom der barna kan lære.
· Tilby barn trygge områder i nærmiljøet der de kan leike og le. Pengane frå TV-aksjonen skal fordelast mellom prosjekter i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Norge.