Me treng ny bil til treavdelinga
Aufera AS er ei vekstbedrift som skal leggje til rette arbeidsplassar for alle personar som har ei restarbeidsevne, uansett årsak til yrkeshemming. Me har tilsette frå kommunane Alver, Austrheim og Fedje.
Me har tre avdelingar; vaskeri, kjøkken og treavdeling.
Treavdelinga gjer også ein del vaktmeisteroppdrag og har gravstell på mange gravplassar i området vårt.
No ser me oss diverre nøydd til å kjøpa ny bil til tre- og vaktmeisteravdelinga. Den gamle transportaren frå 2004 som me kjøpte brukt i 2008, syng på siste verset. Det vil kosta om lag 45.000,- å få den EU-godkjent.
Me tenkjer oss ein bil med lasteplan og 5-6 seter. Gjerne med avtagbart kapell, slik at me har fleire bruksområder.
For å klara finansiering av ny bil har me trong for hjelp av alle våre vener. I tillegg til spleisen vil me setja i gong sal av reklameplass på bilen for verksemder.
Målet vårt er å samla inn so mykje pengar at me kan kjøpa ein høveleg bruktbil som ikkje er for gamal.