Litt lys i november ✨
Veka vi har bak oss er mi favorittveke i heile året. Ja, du leste rett! Den andre i november. To bursdagar tett i tett (i år har dei vore med oss i tre og sju!), bake brownie etter skulen, lage gelé i stettglas, skrive namn på små invitasjonar, snike seg ned i kjellaren og pakke inn ei gåve, girlander over spisebordet. Sugerør. Serviettar med Paw Patrol og Supermario. Kjøpe gåve til lillebror. Teikne kort til storesøster.
Tidleg oppe, tassande små føter, visking og tisking før døra går opp: "Hurra for deg…!" To trygge, gode, glade små som veks opp hos oss. Den største frykta er om pakken frå bestemor ikkje kjem fram i tide. Den største spenninga er kva som er inni. Den høgaste lyden er hurrarop og song.
Og for meg, minna frå den første gongen, då det blei farlig, men vi landa trygt: Helsepersonell på jobb for meg og veslejenta, operasjonsstua rett ved, medisinar for å lindre, behandle, bedøve. Eit akutt inngrep. Legar og jordmødrer som tok imot barnet, og min redsel og mine tårer etterpå. Og den andre gongen, då dei igjen stod klare. Omsorgsfulle auge bak munnbinda. Ei hand å halde i, latter og ei tåre i augekroken då veslebroren var ute. Straum i kontaktane, vatn i kranene, medisinar og smertestillande til mor. Reine flasker og morsmjølkerstatning til den vesle. Stille, trygge dagar på sjukehus.
Eg veit eg er ikkje åleine blant mødrer som i desse dagane tenker det same: Kva om det var mine som låg der. Kva om det var eg.
Denne veka fortset vi feiringa hos oss, og til min eigen bursdag om nokre dagar ønsker eg meg berre dette: At dei som vil og kan gir ei gåve til dei som står klare for å lege, lindre og trøyste der andre ikkje når fram.
Litt lys, i november.