Julegåve til fjella våre!
Hjelp oss å verne fjella mot vindkraft.
I over fire år har fjella mellom Høyanger og Sunnfjord vore under press frå vindkraftutbyggjarar, og presset held stadig fram. I desse fjella har Fred Olsen Renewables, Hydro, Eviny og Zephyr planar om i alt 130 turbinar, 250m høge. Prosjekta vil rasere fjella og få store negative konsekvensar for natur og landskap i ein vid omkrins. Så langt har vi lukkast i arbeidet mot vindkrafta, men det er heilt tydeleg at vi må halde fram med same styrke om vi skal stogge planane for godt. Som eit ledd i det vidare arbeidet, har Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn hyra BIOFOKUS til å kartlegge artsmangfaldet i det aktuelle fjellområdet. Dette skal gje oss viktig dokumentasjon av dei faktiske biologiske verdiane i planområda.
For å komme i mål med dette arbeidet, treng vi økonomisk drahjelp, og har difor oppretta ein spleis. Har du noko til overs, og har lyst å hjelpe oss i arbeidet mot vindkrafta? Eller har du lyst å gje ei julegåve til fjella? Støtt spleisen her.


