Træet skule støttar Kolibri
Alle pengane som blir samla inn blir brukt til forebyggjande arbeid for barn i favela-området i Sao Paulo i Brasil.
Kolibri CARF - Children at Risk Foundation jobbar for å gi barna i favelaen ein trygg oppvekst og håp for fremtida. Barna og familiane i slummen lever i stor fattigdom. Dei lever i risikoområde prega av vald, kriminalitet, rus og manglande tilbod innan helse og utdanning.
På Kolibri-senteret opplever dei tryggleik, omsorg og får tru på fremtida.
Med vår støtte kan desse barna få eit betre liv. Elevane gjer ein innsats for andre ved å løpe eller gå i 45 minutt måndag 18. desember. Dei som ønskjer å bidra som sponsorar for elevane, er hjarteleg velkomne til å gi eit valfritt beløp til Kolibri- Carf. Tusen takk! Helsing alle på Træet skule.