Minigolf i Sykkylven
Bli med å lage eit av Norges flottaste minigolfanlegg!!
Hundeidvik Idrettslag skal etablere eit nytt fritidstilbud i Sykkylven. Minigolfbana er planlagt med 18 hull og vil framstå som eit parkområde på heil 1600m2. Den vil ha integrerte gangstiar med beleggningsstein, beplantning og plassar med benker for å kunne ta ein pause og sosial prat. Dette anlegget vil vere det 3. største i landet og det einaste i Møre og Romsdal.
Anlegget skal stå tilgjengeleg for alle som ønsker å bruke det, heile døgnet.
Vi håper du synest dette er positivt, og vil støtte prosjektet vårt.
