Badstua Reina - Varm og helsebringande møteplass ved Seljesanden
Vil du vere med å realisere badstue ved Seljesanden?
Takka vere eit stort engasjement og støtte/gåve frå
-massevis av herlige folk, (259 privatpersonar so langt)
-lokale lag, organisasjonar og bedrifter: Mowi, Paneda, Selje sanitetsforeining, Eltvik & Åhjem eft AS, Westpipe, OF Invest AS, Selje Auto, K. Teigen Fysioterapi AS, Sagaboat, rabatt/gåve frå Stad kystbygg
og Sparebanken Vest
har vi so langt samla inn 391 279 kr !!! :)
Det er heilt fantastisk!!
Tusen takk til alle som har støtta prosjektet so langt!!!!
Dette er spleis nr. 3. Første spleis i 2022 med 171 givarar fekk vi inn 54800 kr. Og spleisen året etter fekk vi inn 44.000 med 88 personar, lag og bedrifter.
Vi satsar på å få inn resten på søknadsordningar og her på spleis nr 3 med pengegåve frå private, lag, organsiasjonar og bedrifter i området:)
(Meir detaljert info om prosjektet finn du lenger ned på sida)
Badstua blir av HØG kvalitet, vakker, tilrettelagt med breie dører og skal vere eit lågterskeltilbod til alle!
Vi håpar mange framleis er gira og er med å støtte vidare. Alt hjelper på!
Gi beløpet som passar for deg og/eller del spleisen vidare slik fleire kan vere med å bidra:)
Følg oss gjerne på facebook
Ting tar tid, men den som ventar (og aldri gir opp) ...:)
Denne badstua tek litt tid å få på plass. Det er fordi Stad heilårsbadelag er ein frivillig organisasjon. Vi er avhengige av å søkje og samle inn penge. Heile badstua blir finansiert av gåvemidlar frå engasjerte mennesker, lokale lag, bedrifter og ulike tilskotsorndringar. Badstua blir bygd av fagfolk i eit lokalt firma.
Med ein gang vi har nok pengar på konto so vil det gå fort å få den på plass!!! :)For sjølve badstua er omtrent ferdig bygd: Sjå kor fin!!!!

Under arbeid enda, men det nærma seg !!! :)
Med god driv og god støtte ser vi for oss å ferdistille prosjektet til hausten!

Applaus til Stad kystbygg!!!!! :) :)
Litt meir informasjon om prosjektet for dei som er interessert i historikk og detaljar:
Frå den gang då til no:
Prosjekt badstue tek litt meir tid og blir noko dyrare enn først tenkt i starten. MEN det går framover og det blir skikkelig bra!!!
Heilt i starten av planane tenkte vi på ei lita badstuetønne til rundt 180.000.
Men etterkvart vaks draumane og tanken om å ei litt større og meir tilrettelagt badstue. Som fleire, om ikkje alle, klarte å bruke. Og gjerne ei vi slapp å bekymre oss over i stormane.
Vi vart kontakta av eit lokalt firma som tenkjer kvalitet og bærekraft. Og som var begynt å tenke på badstue/saunamodular itillegg til hyttemodular.
Og slik gjekk steget vidare til at Vi handlar lokalt og satsa større. Stad Kystbygg har utvikla både hytte og sauna modular og vi som Stad heilårsbadelag er på ein måte pilot på badstuemodulane og har vore med å forma badstua vår slik vi har sett for oss at den skal bli.
Både med tanke på breie dører, type materiale som varmebehandla Osp, ein kraftig elektrisk omn som skal vere enkel å bruke for booking/administrasjon osv.
Vi satsa på kvalitet og bærekraft og ein naturleg og vakker stil.
Tilrettelegging og kvalitet som varer, er viktig for oss.
Det har og dukka opp nokre utgifter vi ikkje hadde sett foross før vi starta. Til dømes at vi må legge opp straum. Vi har og merka auke i pris generelt på varer og tenester.
Drift av badstua:
Badstua skal ha badstuevertar (blant medlemmar i laget) som jobbar frivillig. Det vil innebære vask, tilsyn, booking o.l.
Badstua vil ha noko utgifter i form av straum, internett, forsikring og vedlikehald. Derfor vil ein måtte betale litt for å bruke badstua.
Ingen inntekter i badstua vil gå til private. Kun til utgifter i drifta av badstua/ Stad heilårsbadelag!
Vi har nokre søknadar som vi ventar svar på, men dags dato manglar vi totalt: 317 189 kr.
Dette innebær
- deler /restbet. av sjølve badstua
- utgifter frakt, montering, forankring
- legge opp straum for å nok kapasitet der den skal stå.
Vi satsar på å få inn resten på søknad og på spleis med pengegåve frå private, lag, organsiasjonar og bedrifter:)
(Vi er i dialog med lag /org. og kommunen for å sjekke moglegheit for samarbeid om straumutgiftene. Om vi er heldige kan det bli litt billigare.:)
Vi jobbar på vidare for å snart kunne varme oss i ei lekker badstue etter eit kaldt bad i sjøen, ei god treningsøkt eller berre rett og slett når ein føler for litt ekstra varme, ro og for litt egen tid for å ta vare på kropp og sinn !
Sjå for dykk moglegheitene å kunne komme på drop inn med ulike tema /program som damenestid, herresnakk, healing, meditasjon, HotYoga, badstue med musikk, stille, med kle , utan kle, nokon gangar på arrangement med gratis inngang og fellesbad . Og ein stad du kan booke tid for deg og dine vennar eller kollega. Uansett veir:)


BLI MED! STØTT PROSJEKTET!
KAN VI KLARE Å FÅ REINA PÅ PLASS ILØPET AV VÅREN?
(Reina er namnet på badstua. Bestemt av medlemmane i Stad heilårsbadelag. Og er eit lokalt stadnamn for der den skal stå)
Alle som støttar får namnet sitt på takketavle i badstua. Det går og ann å gi anonymt om ein heller ønskjer det.
Følg oss gjerne på facebook og bli medlem:) Vipps # 662501 kr 200,-