790 tusen takk!
Då har vi nådd ein milepæl. Kr 790.000 er nådd. Saman med millionen vi hadde samla inn før spleisen, så har vi akkurat nok pengar til å få lage den samanliknande studien og få køyrt saka for tingretten.
Men det er veldig bra viss fleire held fram med å bidra.
For vi ser at det vil påløpe meir kostnader enn berre til advokatane. Blant anna jobbar vi med å lage eit arrangement, ein pressekonferanse der advokatane skal presentere den samanliknande studien. Så vil det bli ekstrakostnader til vitne, opphald mv. Og sjølv om regjeringsadvokaten ikkje er dei dyraste advokatane, må vi ta høgde for å betale statens sakskostnader i tingretten også.
Så alle bidrag er fortsatt veldig velkomne.
Reknehuset AS v/Geir Høydalsvik held nøye oversikt på alt av inn- og utbetalingar.
Elles blir det jobba på fleire frontar. I februar besøkte vi Venstre si stortingsgruppe, medan vi i går besøkte fleire i Høgre si stortingsgruppe. Heldigvis er det fleire som etter kvart oppdagar kor øydeleggande denne skatten er. Så får vi tru at fornuften etter kvart vil sigre i denne saka.
Frå venstre: Anders Riise, fylkesordførar M&R | Linda Hofstad Helleland, Stortinget for Høyre | Geir Høydalsvik, dagleg leiar Reknehuset | Helge Orten, Stortinget for Høyre | Olve Grotle, Stortinget for Høyre | Hilde Midthjell, grunder og investor | Lars Oscar Øvstegård, dagleg leiar O Øvstegård | Terje Bøe, dagleg leiar Spilka Industri