Leve Diktkammeret? Leve Diktkammeret!
Diktkammeret vart fødd i februar 2001 og er dermed inne i sitt 24. år. Sidan 2015, altså i godt over 8 år, har kammeret mot alle odds halde det gåande som eit heilt sjølvstendig forum, utan offentlege tilskot eller andre faste inntekter.
Og sanneleg har dette fenomenet i norsk kulturhistorie framleis liv i seg. Stadig prøver nye seg med sine dikt, samtidig som den utvida familien av kammerveteranar gjer det til eit miljø med både kultur og tradisjonar.
Med vårt eigenutvikla system står vi også utanfor alle algoritmer og sosiale mediagigantar. Diktkammeret er det det er, og støtta frå dei som er glade i staden held oss i gang.
Sist innsamling sikra oss to godt og vel to års drift. Tida er no inne for ein ny dugnad for å halde oss flytande fram til 2025. Leve Diktkammeret!