Støtt oss til innkjøp av tribunestolar

Endeleg er bygginga av tribune i gang på Aurstad arena. Dette blir eit stort løft for klubben, med godt over tre hundre sitteplassar under tak.
For å få alt ferdig med ein gang håpar vi på ditt bidrag, som vil gå til innkjøp av tribunestolar. Blir det midlar til overs så vil dette gå til oppgradering av lydanlegget.
Dei som bidreg i andelssalet av stolar, vil få namnet eller familienamnet sitt på ein flott plakett på tribunen. Det gjeld sjølvsagt også dei som allereie har bidrege ved tidligare innsamlinger.
Det er og mogleg å støtte oss med eit valfritt beløp, eller ved kjøp av skrapelodd.
Bedrifter som ynskjer å støtte oss mot reklameplass, kan få tilsendt faktura om det er ynskjeleg. Kontakt: styreleiar@orstail-fotball.no
Vi oppdaterer bygginga på vår instagramkonto: @orsta_fotball
Tusen takk til alle som bidreg!
🤍🖤⚽