Frå oss som bur i Herøy
Innsamla pengar vil gå til TV-aksjonen 2024.
Barn kan også verte ramma av kreft eller andre alvorlege sjukdomar.
Med denne spleisen vil innbyggarane i Herøy kommune vere med å bidra til realisering av familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo.
Familiehusa vil gjere det lettare for foreldre og søsken å bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset. Familien vil kunne leve ein tilnærma normalt kvardagsliv.
I familiehusa vil det også vere rom for besøk av besteforeldre, tanter og onklar, vener og andre menneske som er tett på og har betydning i familiens liv.