Løp for meg - Garmo 2024
Bli med på årets Løp for meg og bidra i kampen mot barnekreft!
Sted: Garmo barnehage
Dato: 1. september 2024
Tid: 12.00
Startkontingent kjøper du ved å scrolle ned til "Produkter" og velger den kontingenten som passar deg best. SKRIV PÅ NAMN PÅ "HILSEN", SÅ SER VI KVEN SOM HAR MELDT SEG PÅ! Ta vare på kvitteringa du får i etterkant av kjøpet.
Obs: Det er også fullt mogleg å støtte løpet med eit valfritt beløp utan å springe sjølv for dei som vil det!
Garmo idrettslag arrangerer "Løp for meg" i Garmo 1. september. All inntekt går uavkorta til Barnekreftforeininga.
Det blir tre ulike løyper, slik at alle kan delta. Ein kan gå, gågge eller springe.
Startkontigent 100 kroner for enkeltperson og 250 for familie (foresatte og barn).
Start og mål ved Garmo barnehage.
Fint om dei som vil vere med melder seg på elektronisk, men det er au mogleg å melde seg på ved start. Møt da opp i god tid før kl. 12.00.
Løypetrase for vaksne, ungdom og store ungar er som i fjor:
Start i ljosløypa ovanfor Garmo barnehage.
Spring gamle ljosløypa ovanfor barnehagen og ned ved sidan av den gamle barnehagen.
Ned til R15 og gangvegen ned mot Frisvoll.
Inn Kollavegen mot boligfeltet.
Opp Kolbottvegen.
Inn til venstre på Torestuguvegen.
Held fram inn på gangvegen, forbi lavvoen og attende til barnehagen.
Dette er 2,5 km.
Vaksne spring to rundar. Ungdom/store ungar vel sjølve om dei tek ei eller to rundar.
Dette blir og runda for dei som vel å gå og ikkje springe. Runda kan fint gåast med barnevogn, men da startar ein på skuleplassen.
Mindre ungar spring valfri antal rundar rundt barnehagen.
Dei aller minste får ei runde eller fleire på fotballbanen.
Medaljar til alle!
Meir informasjon finn du på arrangementsida på facebook: https://fb.me/e/7Btt0HcEN