For Barnekreftforeninga gjennom Jotunheimen Trail Run
Alle pengane som samlast inn går til Barnekreftforeninga sitt arbeid for kreftsjuke barn.
No komande laurdag 3. august spring eg for dei som ikkje kan. Sjølv har eg vore innlagd på sjukehus og rehabilitering i fire månadar. I Noreg har vi noko av den beste helsehjelpa tilgjengeleg, men medan eg var innlagd innsåg eg at sjukehus ikkje er ein plass for barn. Av og til er det nødvendig med medisinsk behandling, men då skal vertfall barna få eit så godt behandlingsforløp som overhode mogleg. Difor skal eg 3. august springe Jotunheimen Trail Run si maraton-distanse på 42KM og 1300 høgdemeter. Eg håpar du vil følge meg på reisa, samt bidra til ein betre kvardag for kreftsjuke barn. Det er tross alt kvardagen som tel.