Vil du bidra
Hei gode vener. Eg er klar for ein ny tur med Dråpen i Havet. Du høyrer kanskje ikkje so mykje frå flyktningstraumen inn til dei greske øyane. Diverre kjem det mange menneske på flukt dit framleis. No er fokuset stort på det palestinske og ukrainske folket. Det er veldig bra, for det er so hjarteskjerande meiningslaust. Men, diverre er flyktningestraumen over Middelhavet ogso stor.....framleis. Det er i desse dagar 9 år sidan det heile starta. Dråpen i Havet er ein av veldig få som framleis hjelper til der. Behovet er stort, veldig stort. Har du lyst å bidra med ein liten sum på mi reise, hjelper du mange. Veldig mange.
På førehand tusen hjarteleg takk for ditt bidrag.