Sykkylven kommune si digitale bøsse til NRK TV-aksjonen Barnekreftforeningen 2024
Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet er under behandling.
Saman skal vi bidra til at:
- Familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset.
- Barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien i lag med seg i behandlingsperioden.
- Foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre.
- Søsken blir inkludert, sett og ivaretatt.
- Familiane kan finne ro og får leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.