Gossen Bygdekvinnelag sin «Varme skjerf-aksjon 2024»
Gossen Bygdekvinnelag opnar ein SPLEIS for å bidra til trivsel for dei kreftramma i vårt distrikt
Turløypa vår til Emmershaugen vil vere merka med våre varme skjerf og små varme hjarte som er strikka og hekla av Bygdekvinnene til årets aksjon. Bygdekvinnene sitt ønske er å bidra til auka bevisstgjering om kreftsaka, auka fellesskap og at dei innsamla midlane skal bli til glede for kreftramma i vårt eige nærområde.
Midlane som samlast inn vil Gossen Bygdekvinnelag bruke til trivselstiltak ved kreftpoliklinikken v. Molde sjukehus / SNR
Vi håper riktig mange vil legge merke til skjerfa våre både i turløypa og i sentrum. Håper også riktig mange vil bidra til SPLEISEN vår. Aksjonen varer ut oktober.
SPLEIS foreslår eit beløp som bidrag til aksjonen, men dette beløpet kan du endre til det beløpet du vil støtte med.
Vi er takknemlege for alle bidrag!
Alle, både små og store, er hjarteleg velkomne til å delta i vår Varme skjerf-aksjon!
Oppfordrar også andre lag og organisasjonar til å bidra til aksjonen.