Movember - Mental Helse Ungdom
Då var Movember her igjen, og i den anledning ynskjer eg å rette fokus mot psykisk helse. Vi har alle ei psykisk helse å ta vare på. Det er ein del stigmatisering rundt akkurat dette temaet. Dersom ein går å kjenne på noko inn i seg, vil eg oppfordre til å snakke om det med nokon ein kjenner seg trygg på. Det kan vere eit familiemedlem, ein venn, eller ein psykolog.
I fjor vart det registrert 693 sjølvmord i Noreg, der 495 av dei var menn. Menn har ofte vanskeligare for å snakke om ting man kjenner på. Eg oppfordrar alle som har ein tung dag, eller kjenner dei har noko på hjartet, om å ringe ein venn. Openheit rundt psykisk helse er viktig. Visste du at korte samtaler på telefon er bra for helsa? Send ei melding til nokon du er glad i, eller ta ei telefonsamtale for å "catch up". Vis at du bryr deg! Det kan fort vere den personen du tenke alltid er glad, som kanskje har det verst.
Eg starta med å samle inn penge til Movember i 2019, for å sette fokus på menns helse. Det har blitt ei vane at eg kvar november tar skjegget, og gror ein bart, samtidig som eg prøva å samle inn penge til ein sak eg brenn for. I år tenkte eg at eg skulle gå vekk frå det å samle penge til Movember, og heller samle inn til Mental Helse Ungdom. Barten kjem fortsatt, men pengane går no heller til noko som vi får nytta her i Noreg.
Mental Helse Ungdom jobbar for økt openheit rundt psykisk helse, forebygging av psykiske plager og eit betre psykisk helsetilbod.
Alle beløp hjelper. På forhånd, takk!