Bremanger kommune står Saman for små helter – NRK TV-aksjonen
20 . Oktober er det pengeinnsamling til TV-aksjonen. I år samlar NRK inn pengar til utbygging av familiehus ved dei store sjukehusa i Noreg. Der kan alvorleg sjuke born bu saman med familien sin i behandlingsperioden.
–Sjukdom er krevjande for både det sjuke barnet og den næraste familien. Utbygging av familiehus handlar like mykje om dei friske som den sjuke, og dei treng nærvær til einannan i ei krevjande livssituasjon, seier ordførar Anne Kristin Førde. Sjølv om det heldigvis er få barn som blir alvorleg sjuke, har dei mange pårørande som også blir påverka, påpeikar ho. –Saka engasjerer mange i år, og det er ikkje rart når temaet er så sårt for mange.