Eg løper for Wiljar, eg løper for LUB
Eg løper for Wiljar
Eg løper for LUB
25.desember 23 bestemte eg meg for å løpe for Wiljar og donere ei krone per kilometer til Landsforeningen uventa barnedød. Eg skulle løpe 10km i veka i eitt år, 520km fram til jul 2024.
No er det ei veke igjen til jul og eg har løpt heile 950km sidan jul i fjor, 950km for Wiljar og for LUB – og innan nyttår skal det bli 1000km!
Kva har løpinga gitt meg og gjort med meg? Eg opplever meistring og løpeglede, har blitt litt sprekare og holdt meg fysisk frisk, til og med turt å gå på trengsrom med skumle apparater og framande folk.
Eg er ganske så sikker på at jamnleg trening har hjulpet meg å byggje opp god nok fysisk og psykisk helse for å kome tilbake i full jobb 4 år etter at Wiljar døydde under dramatiske forhold, der også livet mitt sto på spel.
Når eg føler meg bra, tar eg meg ein løpetur og føler meg endå betre, sjølv om eg blir sliten. Når eg føler meg nedfor eller saknet etter Wiljar blir overveldande, tar eg meg ein løpetur og etterpå er det litt betre. Når eg treng å oppleve litt mestring, tar eg meg ein løpetur, for sjølv om starten kan vere tung og farta treig, så blir det som regel betre. Når det går fleire dagar utan løpetur, klør det bokstaveleg talt i beina. Løpinga hjelper å sortere tankar og kjensler, det betrer min fysiske form, bidrar til betre søvn, mindre grubling og ikkje minst mindre einsam-stillesitting heime - for livet utan Wiljar er ofte einsamt, også i godt selskap.
Gjennom løpeaksjonen min har eg møtt masse fine folk, deltatt på løp åleine og i stafett med andre etterlatte foreldre. Mange har gitt uttrykk for at dei har blitt inspirert til å vere meir fysisk aktive og berre det gjer meg glad, for fysisk aktivitet er bra for kropp og sjel.
Det her året har gått over all forventning, eg hadde aldri i verden trudd at eg som hata gym på skulen (og sluntra unna kvar gong vi hadde eigentrening), skulle ende mitt fyrste skikkelege løpeår med godt over 30km i veka i både i november og desember. Neste år blir det nye mål, for eg skal halde fram med å løpe for min sak, for Wiljar, som aldri fekk løpe. Neste års store mål er å gjennomføre halvmaraton i juni, og kanskje fleire
Når det året no er omme, er det på tide å innfri løftet og gi nokre kroner til LUB – fordi foreininga er der for oss etterlatte, støtter oss i sorgen, inviterer oss til arrangement der vi kan møte kvarandre, tilbyr sorggrupper og likepersonstøtte, støtter forsking rundt barnedød og jobbar med forebygging av uventa barnedød.
Vil du gi ei gåve med meining, er du velkommen til å støtte denne spleisen!
Er du etterlatt etter uventa barnedød og treng nokon å snakke med? Ta kontakt med Landsforeininga uventa barnedød tlf 22545200 post@lub.no
Er du etterlatt forelder, søsken, besteforelder og vil vere med, finn du gruppene Løp for LUB på Facebook og Strava.
Eg løper for Wiljar
Eg løper for LUB