Båttilhenger til Ukraina
Her er litt informasjon:
Kva skal gjerast?
Organisasjonen SLAVA UKRAINI støttar Ukrainas kamp for demokrati og friheit og har tatt initiativ til å skaffe dei båtar til kryssing av Dnipro, inkludert bil og hengar for å køyre båtane ned. «Pakken» er altså båt, bak ein bil, på hengar, direkte levert til frontavsnittet som har behov for dette.
Finansiering av dette må komme frå firmaer (rederier, stiftingar, men også ressurssterke privatpersonar) som tykkjer det er verdt å støtte Ukrainas kamp - som om det var VÅR kamp. Større bidrag vil gjere dette arbeidet mulig å få utført raskare enn ved å måtte gå vegen om å samle mange, små bidrag.
Kva har me gjort?
Det starta med donasjon av pickupar og van-bilar til militære enhetar langs fronten. 25 slike bilar er det samla inn til, og donert, hittil. Den første i august 2023 til Izium, deretter ein Sprinter til Kherson, så ein pickup til Slovjansk. To vart levert i Kyiv i november, til Forsvarets spesialstyrkar og ein til ein enhet som reparerar tanks i felt – dette var ein fullt utrusta verkstadbil (Sprinter). Begge desse to innkjøpa hadde Inge Steenslands stiftelse (ISS) støtta fullt ut med midlar.
I desember donerte me ein bil til en enhet som skulle bruke den som anti-luftskyts: Installere maskingevær og lyskastarar på planet bak og bruke den til å beskytte sine eigne frontlinjer. I januar køyrte me to bilar ned, i alt 8. Den eine vart donert av ein privatperson og var ein ordinær privatbil som skal brukast som militær ordonnans, den andre skal støtte opp infanterienhetar rett i fronten, og fekk med seg Mud Tyres.
Plassa-podden
Sigurd Vikøren