Spleis for ein bil til fronten i Ukraina
Krigen i Ukraina har forferdelege følgjer. Russlands folkerettsstridige angrepskrig fører til at mange sivile blir utsette for drap, tortur og terror. For å hjelpa til med evakuering av personar som kjem i krysselden trengst ein bil som kan køyra i skytteltrafikk fram og tilbake. Den må ha firehjulstrekk, vera dieseldriven og manuelt gira.
Eg, Øyvind Heitmann, har teke på meg oppgåva som sjåfør for å køyra ein bil til Ukraina. Det blir også ein til med i bilen som sjåfør. Vi ønskjer å utgjera ein forskjell for dei modige ukrainarane som står midt i krigen. Ved å gje litt av tida vår, håpar vi å gje eit bidrag til kampen deira. No treng vi di hjelp!
Di støtte kan redde liv!
Dei innsamla midlane vil gå til kjøp av bil, gjørmedekk, omregistrering, profilering, og dessutan diesel og ferja for å få bilen fram til Ukraina. Vi som sjåførar dekkjer våre eigne kostnader til overnatting, mat og reise heim. Kvar krone tel, og saman kan vi utgjera ein forskjell.
Kva skjer med eventuelt overskot?
Viss vi får inn meir pengar enn nødvendig, vil vi kjøpa inn dieselaggregat, anna viktig utstyr eller bidra til å finansiera neste bil. Krigen i Ukraina er vår tids kamp, og vi er heldige som ikkje må utkjempa han sjølve. La oss visa respekt og takksemd ved å hjelpa dei som står i frontlinja. Dei treng vår støtte til å stå i kampen!