Siste innspurt! Bli med å fullføre badstuprosjektet med oss! Vår varme møteplass snart ein realitet
BADSTUE- prosjektet "REINA" er no i mål med ca 70% av finasieringa! Takket vere støtte frå MANGE privatpersonar, lag og organsiasjonar og bedrifter so langt!! TUSEN TAKK! ❤️
For eit fantasisk fellesspleiselag det er og har vert frå start!
Vi er no på veg inn i "sjarmøretappen" :) Og skal no få samla siste kreftene/pengane vi treng for å dra prosjeketet i hamn.
Vi veit prosjektet har tatt tid og vi har, som prosjekt flest, møtt på nokre utfordningar og fått litt fleire/større kostnadar enn allerførst tenkt og trudd.
MEN RESULTATET BLIR FANTASISK!

Det er eit stort prosjekt for ein liten bade organsisasjon 😉
Men saman med so mange støttespelarar og samarbeidspartar får vi det til!!
Takk for tålmodigheita og all positivitet rundt både heilårsbading og badstuedraumen.

Badstua er omtrent ferdig bygd :)
Den står klar til å bli frakta og sett opp v/ vakre Seljesanden
Men først må vi:
Samle inn litt meir pengar!
Desse pengane går til å:
- Legge opp straum i området, byggesøknad og siste rest av betalinga av badstua, frakt og montering.
Vi har som mål å kunne opne badstua våren 2025!! BLI MED Å GJER DET MULIG!😍

Litt meir om Stad heilårsbadelag og badstueprosjektet:
Stad Heilårsbadelag er ein ideell organisasjon som driv med heilårsbading, naturmøteplassar og badstueprosjekt. Vi ynskjer å skape ein inkluderande og helsebringande møteplass der ein kan samlast og oppleve fysisk og mental velvære.
Badstua skal vere ein varm og innbydande arena som fremmar trivsel og sosialt fellesskap. Ved å tilby ein stad for avslapping og revitalisering, bidrar badstua til å styrke helse, redusere stress og fremje ein sunn livsstil for folk i alle aldrar og bakgrunnar.
Det er ei investering i lokalsamfunnet som vil skape ringverknader både for innbyggjarane og besøkande. Medlemmar i Stad heilårsbadelag vil få nokon fordelar/goder, men badstua skal vere for alle. Ein skal kunne booke drop in timar for ein rimeleg/lavterkel sum, men det vil og bli mogeleg å leie heile badstua.(då eigne prisar og avtalar) Meir informasjon om dette når badstua opnar.
Vi handlar lokalt og det er Stad kystbygg som har bygd badstua. Styret i Stad heilårsbadelag har hatt nokre tilpassa ynskjer og justeringar for "Reina": Det var viktig for oss at badstua skulle bli tilrettelagt med breie dører slik at flerie kan nytte badstua. (med tanke på rullator eller rullestol) Vi har og valt bærekraft og kvalitet: varmebehandla osp både tak, veggar og benkar, ein kraftig og elegant Wifi omn, romsleg garderobe, speilvindu m.m
Badstua blir på bakkeplan og har romsleg toalett og dusj rett ved.

Nydelig utsikt ut over stadlandet, havet og mot kyrkja. Rett ved Seljesanden.

Totalt kostnad på prosjketet og kven som har støtta so langt :
Sjølve Badstuehuset, kraftig wifi omn, frakt, montering, forankring, saksomkostnadar plassering og byggeløyve, og legge opp straum er på ca 720.000 kr . Innsamla midlar so langt ligg rett under 500.000 kr. 😍
Vi har nokre søknadar inne som vi ventar svar på i tillegg til denne spleisen. Vi startar spleisen med mål på 60.000 kr. Til orinetering: Beløpet /målet på spleisen kan bli noko auka om ein ser ein får avslag på søknadar.
Støtta kjem frå so mange at det er heilt rørande!!
Desse har støtta so langt: Sparebanken Vest, Selje sanitetsforening,
Eltvik & Åhjem eft AS, Westpipe AS, Saga boats AS, K. Teigen Fysioterapi AS, O F Invest AS, Selje Auto, Paneda, Mowi ASA, Selje IL, Vona AS, Norled, SFE Produksjon, Selja Forlag, Trivsel Selje, Borgundvåg AS, BFG (Best Fishing Gear AS), Riksbygg AS, Hely AS, Fjord Guiding Selje,
Og ikkje minst medlemmar, privatpersonar som har gitt i tidligare innsamlings spleisar, og dei som vel oss som grasrotmottakar på Norsk tipping.
(Medlemmar og privatpersonar blir også lista opp med namn på takketavla på sjølve badstua:) Dei som vel å vere anonyme blir samla under Anonyme givarar:)
VIL DU HA DITT NAMN PÅ TAKKETAVLA? FORT DEG Å BLI MED PÅ SPLEISELAGET!
Vil /treng du /di bedrift å få tilsendt faktura? Ta kontakt med leiar Maria Helgesen. maria.helgesen@gmail.com
Vil du bli medlem? Vipps årskontigent på 203,50 kr til #662501 (+3,50 pga vipps gebyr)
Følg oss på facebook: @stad heilårsbadelag og bli med på våre fellesbad. Førstkommande er 8.mars - kvinnedagenbad på Seljesanden kl: 14.00.