Turnhall i Ørsta!
Alle pengar som vert samla inn går uavkorta til realisering av turnhallen!
Som kjent ønsker vi i Ørsta IL turn oss ein eigen turnhall, for å sleppe å rigge utstyr opp og ned. I tillegg til å spare tid og krefter på rigging, vil vi få mindre slitasje på folk og utstyr. Den største effekten vil uansett vere at vi får plass til MANGE FLEIRE TURNARAR!
Vi nærmer oss målet, og har fått samla inn pengar til hallen frå bedrifter og stiftingar. Vi treng likevel fleire bidrag, så håper folk vil slutte opp om spleisen vår <3
Gi med hjerte og lommebok - alle bidrag tel!


