Rjukanfossen
Til alle som har støtta CD-produksjonen "Rjukanfossen".
Så har vi endeleg kome i mål med dette prosjektet. 100-vis av timar, mykje hovudbry grunna økonomi +++, men no er det gløymt, iallfall lagt på hylla. No gler vi oss over at produksjonen er på veg til trykking.
Vi måtte kutta SVÆRT mykje i tekstheftet, så det du vil sjå er eit komprimert resultat av alt det vi har hatt tilgang til i form av brev, bilete, artiklar, dagbok, intervju mm. Gro Synnøve Brekka har vore den store kjelda for oss i dette arbeidet. Utan hennar interesse for det å ta vare på slikt materiale så hadde vi hatt eit mykje dårlegare utgangspunkt. Så STOR takk til henne, men også stor takk til deg som har støtta oss økonomisk. Stor eller liten sum, alt har betydd mykje.
43 slåttar i alt, og spelemenn som yter, frå forskjellige tidspunkt i livet. Vi trur vi har plukka ut stoff som fortel om kvaliteten på desse to brørne, Johannes og Gunnar. At fleire vil få augene opp for denne viktige tradisjonen, er å håpa etter dette arbeidet. Det fortener Dahlekarane og Tinn som eiet viktig folkemusikkdistrikt.
Sidan vi har så mykje ubrukt stoff liggjande så er planen å starta ein blogg der vi legg ut, i passelege prosjonar og jamnlege intervall, det som kan ha allmenn interesse.
Vi meinar det er grunn til å gleda seg til produksjonen, og så håpar vi du også vil meina at det å støtta oss var vél brukte pengar. Takk igjen.
Mvh
Anne Svånaug Blengsdalen og Bjørn Laupsa-Borge