Vil du ha ridehall før vinteren - spar med kr 250 eller det beløp du sjølv ønskjer!
For å greie å realisere byggjesteg 1 er vi i Ørsta Hest nøydde til å reise meir kapital. Vi er i tredje året utan hall og styret har som mål å vere under tak innan vinteren 2020. Saman er vi sterke - forein krefter og bli med på ein felles sparespleis!
Vi oppmoder medlemmer, brukarar og andre til å støtte dei månadlege spleisane våre. Dette er første spleisen vår!
Betaling av halleige er ei viktig inntektskjelde når hallen kjem i drift. De som skal bruke hallen og betale leige- start "leigeperioden" allereie no. Betal kr 250 eller valfritt beløp alt etter eiga råd og lyst!
Eksempel:
50 stykk betaler kr 250 innan 17. mars = 12 500
50 stykk betaler kr 250 kvar månad til og med juli = 75 000
Mange bekker små gjer ei stor å !