Ståle og Joar sin 50 års dag
Ståle og Joar fyller snart 50 år. Dei ønskjer ikkje gåver til seg sjølv på den store dagen, men heller at familie, venner, kollegaer og andre gjev ei gåve til Fokus på ME. Pengane vil bli gjevne til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus.
ME er ein invalidiserande sjukdom. Forskinga viser at ME-pasientar har avvik i immunsystemet, sirkulasjonssystemet og sentralnervesystemet. Dei som blir ramma av ME får livet sitt redusert frå å vere innhaldsrikt til eit eksistensminimum. Per i dag fins det ingen behandling eller kur, så det ME-pasientar ønskjer seg mest av alt er at det skal forskast på sjukdomen.
Derfor håpar vi at du vil hjelpe Ståle og Joar ved å støtte denne bursdagsinnsamlinga. For dei som har ME steler sjukdomen år etter år av livet deira. Dersom forskingsmidlane aukar vil forskarane forhåpentlegvis kome eit steg nærare å forstå sjukdomsmekanismen, og forhåpentlegvis finne ei behandling. Trua på at dette vil skje ein gong i framtida gjev håp om eit betre liv for mange, også for Ståle.
Alle bidrag er til stor hjelp - tusen takk for di støtte!