Rettsprosess Haramsfjellet
Tolvte time er ikkje for seint for ,folket, sanglerka og havørna på Haramsøya !
Hjelp oss å berge fjellet !
Berre saman med folk frå heile landet kan vi greie dette. Folk har vore heilt fantastiske. Vi har gjennomført første runde i tingretten men er ikkje i mål. Vi måtte stoppe forrige spleis fordi rekningane byrja å kome inn. Fordi staten ikkje ville vere med på å ta hovudsaka opp i same rettsforhandlingane som sak om midlertidig stopp, vert saksomkostningane større enn først rekna med. Det er vanskelig å stipulere nøyaktige kostander for neste steg i rettsprosessen, men kostandane med tingrettsaka vart på ca 1,8 mill. kroner inklusive våre saksomkostnadar og motparten sitt krav på kr.950 000.
I anken til lagmasnnsretten vil det ikkje gå så mykje, fordi mykje av arbeidet med førebuinga og dokumentasjon vart gjort før behandlinga av tingretten,Men våre adsvokater har gjort ein heil del arbeid for å dokumentere enno grundigare, og spisse anken for å få enno betre fram at saksbehandlingsfeila vi har påvist ha hatt betydning for vedtaka og at vedtaka dermed er ugyldige og konsesjonen må trekkast.
Motparten sine skyhøge timesatsar gjer også sitt til at det er nødvendig med ein ny spleis. Kjennelsen kom 19 november kl. 12:00.
Vi tapte saka i tingretten,men når vi les kjennelsen så lener dommeren seg meir på NVE og OED sin praksis enn på lova. Det er nettopp statsorgana sin lovpraksis som må prøvast for retten. Har staten fylgt lova i denne saka? Vi meiner nei og har difor anka saka til lagmannretten. Anken vart levert inn 8 desember. Det er ein hovudregel med skriftlige forhandlinger i lagmannsretten. Motparten har 3 veker svarfrist. Det skal vere rettsmøte 13 januar. Då blir det bestemt når og korleis rettsforhandlingane skal foregå. Det normale er skriftlige forhandlinger i lagmannsretten.
Vi har vedtekter, kasserer og revisjon av rekneskap, og vi står ansvarlige over for årsmøtet og våre snart tusen medlemer.
Vi får spørsmål om korleis vi vil disponere midlane dersom vi vinn rettsaka. NVPH meiner at det er viktig at midlane må gå til det formålet dei er samla inn til. Det er to alternativ for disponering, tilbakebetaling eller videreformidle midlane til andre pågåande vindkraftsaker av prinsippiell betydning anten som partsstøtte eller tilskott juridisk bistand/rettsaker. Styret kjem tilbake med oppdatering av dette spørsmålet når vi har drøfta det grundigare.
Bruk gjerne også direkte støtte via vårt kontomnummer som de finn opplyst på Nei til Vindkraftverk på Haramsøya si facebookside.
https://www.youtube.com/watch?v=hFIGsu5ZNT4
Ja vi elsker dette landet !