Då er anken levert
Hei alle gode venner av Haramsfjellet! 9.des.2020
Tusen takk for støtta ! Utan ditt og alle andre hjelparar hadde vi ikkje kunna gått til sak for å berge dette fjellet.
Vi skulle så gjeren ha fått stoppa utbygginga utan at det kosta så mykje, men politikarane har til no ikkje hatt hverken vilje eller mot til å sette ein stopper for utbygginga. Ei malplassert utbygging som er planta midt i eit område med stor verdi for biologisk mangfald.
Advokatane våre har no levert inn anken på midlertidig forføyning til Lagmannsretten. Dei har funne fram til ny dokumentasjon som styrker vår sak og det gir oss nytt håp om å vinne denne saka. Dokumentasjon syner at konsesjonen bygger på feil faktam og dette skulle ha vore lagt fram for NVE allereie i 2005, men som har vore halde skjult. Tingrettsdommeren lena seg på NVE sin praksis meir enn lova i sin kjennelse av 19 november.I anken har vi prøvd å spisse saka for å få betre fram at det er denne praksisen som har vore lovstridig.
Den nye dokumantasjonen syner at konsesjonsvedtaket frå 2008 bygger på feil faktum. Det er vanskelig å nå fram men vi gir ikkje opp enno. Håper du og dine venner kan blir med litt til så vi får gennomført rettsprosessen som så langt ser ut til at er det einaste som kan berge Haramsfjellet .
Vi har ikkje gitt opp håpet om at havørna og sanglerka skal få eit langt og godt liv på Haramsfjellet og at det aldri skal byggast turbiner på Haramsfjellet.
Mvh Birgit Oline Kjerstad