Julegåver til borna på Skarslia flyktningmottak
Adventstida er her, og små og store sitrar av forventning og glede over set som skal koma i vekene framover. Men på mottaket på Skarslia i Vats bur det denne førjulstida 29 born i alderen 0-17 som i tillegg til førjulsglede også kjenner på frykt, usikkerheit og sorg. Sorg over å måtte forlate heimen sin. Usikkerheit for framtida. Og kanskje frykt for nokon som er att der heime.
Eg har lyst til å gje dei ei oppmuntring og ei gåve i mørketida, som seier at me ålingar ser dei og tenker på dei, og det dei står i. Eg håpar å samle inn nok til at eg kan få kjøpt inn nokre fine julegåver til alle der oppe under 18 år. Per dags dato er det 29 born. Gåvene blir kjøpt inn i samarbeid med dei som jobbar på mottaket og kjenner borna. Men tenk så fint det hadde vore, viss kvar og ein av dei kunne få eit akebrett eller eit par gode ski! Ordentlege gåver dei kan ta med seg vidare på ferda, uansett kva livet bringer etter jul.
Spleisen varar til 21.12 og den 22. desember er alle som har bidrege hjarteleg invitert til å bli med opp til Vats etter jobb/skule for ei lita uformell førjulssamling og gåveoverrekking. Viss me tek med litt gløgg og alle deler litt av julebaksten, trur eg det kan bli ei skikkeleg fin stund og nydeleg start på julehøgtida.
Håper du vil bidra!
Anne Nordheim