Juleglede på Skarslia
Det nye året er her og eg sit med "rekneskapet" for julegåvespleisen som tok av på sosiale medier, og enda i svimlande 51 282,50 kr til julegaver til borna på Skarslia akuttmottak.
Takk igjen, for all givarglede!
De lurer kanskje på korleis det gjekk?!
Jo, torsdag 22. desember reiste ein liten gjeng opp til mottaket med bilen full av harde og mjuke pakker, eit julenissekostyme og lass på lass med kaker, klementiner og anna godt. Dei 35 borna på Skarslia vart veldig glade og gira då dei såg gavehaugen! Litt skuffa når den vart pakka vekk, kanskje... men det var for å halde på spenninga til sjølvaste juleaften. Me fekk imidlertid tatt ein sjekk på om alle hadde ei pakke med sitt navn på, og bortsett frå litt ukrainsk navneforvirrig (nokre navn går att ofte!) så stemte det. Puh!
Med god hjelp frå butikkane på Sundre (ein spesielt stor takk er på sin plass til Norli og Intersport!) hadde me klart å skaffe det som stod på ønskelistene til samtlege, så me håper at det var mange glade born og unge på Skarslia på juleaften.
Tusen takk til Torunn Røer som var med på gavekjøp, pakking og ikkje minst stilte opp med kransekake på Skarslia. Sønn Thorkjell var kveldens mest sporty i ei veldig veldig varm julenissedrakt!
Takk også til Kari Vibeke Berg som hadde baka nydeleg gjærbakst og kom med eplemost.
Av pengane samla inn kjøpte me gåver for kr 43229,57, noko som betyr at det er 8053 kr att ... Dei skal Skarslia få til å lage ein fin dag med opplevingar for borna og foreldra. Kanskje det blir hundekøyring?
Takk igjen for DITT bidrag! Det har betydd mykje!
Med ønske om eit godt 2023.
Ann
![](https://spleisprod.s3.amazonaws.com/uploads/projects/298763/description/BTN6ok11I.jpg)
![](https://spleisprod.s3.amazonaws.com/uploads/projects/298763/description/u5IjJL-qe.jpg)